SMS: Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 16. juni.

Får 1.089 dosar neste veke: - Me er komne til 1963-årgangen

Til vaksinasjonsdagen onsdag 16. juni, får Bjørnafjorden kommune til saman 1.089 vaksinedosar.

647 friske personar over 55 år (prioriteringsgruppe 8) vil få tilbod om første vaksinedose. Kommuneoverlege Klaus Melf melder på kommunen sine heimesider at dei no er komne til 1963-årgangen.

– Dette betyr at alle som er fødde i 1963 eller før får tilbod om første dose i neste veke. I tillegg vil 442 personar få sin andre og siste vaksinedose, opplyser Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han påpeikar vidare at FHI nettopp har justert intervallet mellom dose 1 og 2 frå 12 til 9 veker. Frå no av vil det difor vera 9 veker mellom vaksinedosane.

– Vi gjer ikkje endringar i allereie oppsette vaksineavtalar. Alle som har fått første dose skal møta til den fastsette datoen for andre dose, presiserer Melf.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 16. juni. Melf bed om at ein ikkje ringjer vaksinetelefonen før ein har fått SMS.

– Vi har ikkje gløymt deg - du vil få tilbod når det er din tur.

I prioriteringsgruppe 8 finn me personar mellom 55 og 64 år, utan underliggande sjukdom/tilstand. Dei eldste får tilbod først.