Får heile 997 vaksinedosar: Startar med vaksinering av prioriteringsgruppe 7
— Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før ein har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg — du vil få tilbod når det er din tur.
Det seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf, i ei sak på heimesida til kommunen.
Det blir opplyst om at kommunen i neste veke får heile 997 vaksinedosar. Dei aller fleste av desse vil bli brukte som dose 2. I tillegg vil 88 personar i prioriteringsgruppe 7 få tilbod om første vaksinedose.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 19. mai.
Kven er i prioriteringsgruppe 7?
Prioriteringsgruppe 7 er personar mellom 18 og 44 år som har følgjande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:
Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom
Diabetes
Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m² eller meir
Artikkelen held fram under annonsen.
Demens
Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unnatak av høgt blodtrykk)
Hjerneslag
Annan svært alvorleg sjukdom kan også gje auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege.