Bilistar meiner at det er eit problem at svanene går mellom bilane på ferjekaien. Politiet seier at dei ikkje har kapasitet til å stå svanevakt.
Bilistar meiner at det er eit problem at svanene går mellom bilane på ferjekaien. Politiet seier at dei ikkje har kapasitet til å stå svanevakt.

Får mange svanemeldingar: – Politiet kan ikkje stå svanevakt

At svanene går rundt bilane på ferjekaien på Halhjem, er det ingenting politiet får gjort med.

– Det er mange bilistar som tek kontakt. Dei seier at svanene er til fare for seg sjølve, og til fare for bilistane. Operasjonssentralen har den siste tida fått mange av desse meldingane, og vurdert at det ikkje er så alvorleg at politiet må rykkja ut, seier politioverbetjent Anne Lyssand og held fram:

– Svanene går opp og ned frå vegen. Det er ikkje noko politiet får gjort med det. Vi kan ikkje stå svanevakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare kan Lyssand fortelja at dei stadig får mange telefonar om svaner.

– Det er ikkje like stor pågang som då Havnesjefen var i Os, men framleis er det mange ulike meldingar om svaner.