Fleire meldingar: Vaksne er bekymra over grisekøyring i sitt nærområde. Dei fryktar at born skal bli råka.

Får meldingar om grisekøyring på tohjulingar

Ifølgje dei som melder frå, skjer det grisekøyring på stader der born leiker.

— Trafikk er ei utfordring, og stort sett er det klager frå fleire stader i vår kommune, der vaksne/foreldre melder om “grisekøyring” med tohjulingar. Dei er redde for at det skal skje ei ulukke, særleg då det er mykje born som leiker i dei aktuelle områda, melder politistasjonssjef ved Bjørnafjorden politistasjon, Oddbjørn Dyrdal, i ein e-post.

Vidare skriv han at politiet vil følgja opp så godt dei kan, og sanksjonera mot slik åtferd.