Drange: Dette biletet er teke frå Drange retning Krokeide.

Fekk du med deg dette fenomenet laurdag kveld? Andreas fanga dette på film frå Drange

Melder om det som truleg var ein meteoritt.

Både politiet og Hovedredningssentralen fekk fleire meldingar laurdag om eit sterkt grønt lys på himmelen.

Meteorologisk institutt antar at det det dreidde seg om ein meteoritt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har fått bilete av fotograf Andreas Knauer som er henta ut frå ein timelapse-video. Biletet er teke på Drange retning Krokeide laurdag kveld.

Hovedredningssentralen i Sør-Norge skreiv på Twitter at dei laurdag kveld hadde fått fleire meldingar om eit sterkt grønt lys på himmelen.

– Leonidene er ein meteorsverm som oppstår kvart år i desse dagar, så det er sikkert mykje aktivitet i atmosfæren, seier Siri Wiberg, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, til VG.

Dette biletet er teke av Siri Kristiansen på Søfteland: