Fekk fleire meldingar om rabiat mann i sentrum

Politiet måtte fjerna ein utagerande mann frå Os sentrum fredag kveld.

Det var kring klokka 23 fredag kveld at politiet fekk inn fleire meldingar om ein mann som var «rabiat» på Osøyro.

– Han skal ha kasta blomsterpotter og vore veldig utagerande. Det var ein mann tidleg i 20-åra. Han blei køyrd i arresten og vil bli meldt for forholda, opplyste vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.