Brann: Brannen var sløkt då brannvesenet kom fram litt før klokka 11 onsdag.

Vaskemaskina tok til å brenna. Huseigar fekk sløkt sjølv

Ein bebuar i Øvre Varåsen melde onsdag formiddag om brann i vaskemaskina. Ho får skryt av brannvesenet for klok handtering av branntilløpet.

Det var klokka 10.30 onsdag at ei kvinne i ein einebustad i Øvre Varåsen melde frå til brannvesenet om brann i ei vaskemaskin. Ifølgje brannvesenet var det såpass at det var opne flammar. Før ho ringde inn, hadde ho gjort alt rett sett med brannvesenets auge.

— Ho klarte å sløkkja brannen sjølv. Deretter tok ho ut sikringa, lukka døra til vaskerommet og melde frå til oss. Dette her er god og klok handtering, seier vakthavande ved Os brann- og redningsteneste, Martin Østgulen Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen skadd

Då brannvesenet kom til staden, hjelpte dei kvinna med å få ut vaskemaskina av bustaden. Deretter lufta dei for å få ut røyk.

— Det var ikkje all verda til røyk, så eg trur at kvinna og familien slepp å måtta flytta ut av bustaden grunna etterarbeid, seier Svendsen.