Familiekonsert: I Vågshaugen fekk dei intimkonsert med Os Musikkforening. Terje og Randi Hegnes kom frå Bergen for å vera med familienm og sjølvsagt for å få oppleva konserten.

Fekk konsert i hagen: – Kjekt for oss, og heile nabolaget

Éin familie i Vågshaugen fekk Os Musikkforening på besøk på 17. mai, etter at Synne Hjertaker (11) vann konsert i loddtrekning.

Klokka 14.00 starta dei å spela. Då hadde dei gått eit lite stykke i nabolaget. Fleire som bur i Vågshaugen kom ut og lurte på kva som skjedde. Slik var det fleire i nabolaget som fekk nyta godt av at Synne vann loddtrekninga, men ingen fekk ei så kjekk oppleving som familien sjølv.

– Det var veldig artig, seier far til Synne, Terje Hjertaker og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då mor til Synne, Hilde, og broren er del av Os Musikkforening, fann Synne ut at ho ville «gje konserten» til nokre andre også.

Synne inviterte mormor og morfar, Randi og Terje Hegnes. Dei bur i Bergen, og har site mykje inne den siste tida, fortel Hilde Hegnes.

– Dei har vore litt triste den siste tida. Dei har nesten ikkje vore utanfor døra på mange månader, så for dei var dette heilt enormt. Dei er glade i Os Musikkforening, så dette passa heilt perfekt.

Vidare fortel Hilde Hegnes at loddsalet var stor suksess for musikkforeininga.

– Eg har ikkje oversikt over kor mykje vi har fått inn nøyaktig. Det trur eg ikkje nokon har enno, då det har kome inn betalingar på ulike måtar, som vipps og slikt. Men eg høyrde snakk om at det var kring 20.000 kroner. Det er veldig bra. Vi har, som så mange andre, tapt ein del inntekter den siste tida.