Høg musikk: Fredag fekk politiet melding om høg musikk frå ein fest med ein del folk i ein bustad i Hagavik.

Fekk melding om feststøy frå Hagavik

To oppdrag for politiet natt til laurdag.

Fredag kl. 23:27 fekk politiet melding om høg musikk frå ein fest med ein del folk i ein bustad i Hagavik.

– Ettersom politiet var opptatt, kom patruljen på staden litt ut på natta og då var det stille på adressa. Det blei dermed ikkje gjort noko meir frå politiets side, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden og Austevoll Lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på kvelden fredag fekk politiet melding om ein laus hund på Søfteland av typen rottweiler.

– Det var uvisst kven som var eigar av hunden. Kl. 23:11 kom politiet på staden og fekk kontroll på hunden som etter litt blei gjenforeint med eigar, opplyser politiet.