Politiets logg frå helga.
Politiets logg frå helga.

Fekk melding om mistenkelege personar i Kuvågen

To personar som vart observert bankende på dører i Vågadalen/Kuvågen er blant meldingane Os lensmannskontor sjekka ut i helga.

Ifølgje Os lensmannskontor var det stort sett roleg i helga i Os. Men eit par hendingar har dei notert på blokka.

* I 14.30-tida fekk dei melding om at polakkar i arbeidsklede gjekk rundt i Vågadalen/Kuvågen og banka på dører i området. Det er uvisst kva ærend dei hadde, men det kunne virka litt mistenkjeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå eiga sak om at denne melding kan bero påmisforståing.

* Laurdag 18.30 - Ein mann i 30-åra blir observert utan sko og sokker i vegbanen. Politiet får fleire meldingar om dette. Mannen er borte når politiet kjem til staden.

* Klokka 21.30: Ein vrang gjest på ein uteplass i Os sentrum. Blir gjeve pålegg av politiet og blir bortvist frå Os sentrum. Likevel kjem same mann tilbake på same uteplass kring midnatt. Då framstår han som aggressiv. Deretter blir han køyrd heim av politiet. Mannen var i 30-åra og av polsk opprinning.

* Søndag klokka 10.45 blir ei campingvogn avskilta på E39 ved Søfteland ettersom den eigaren ikkje har framstilt den for EU-kontroll.