Gråmåse på slep: Rovdyr med ein lokal gråmåse som veit kva som er i gjære.

Fekk storfint besøk: Sildejegarar med eige språk

- Dei var her ein gong før jul også, fortel Lasse Austestad, som fekk knipsa etegildet.

Søndag fekk Eikelandsosen storfint besøk. Dette var fjerne slektningar av den typen som berre går etter maten.

- Dei var her ein gong før jul også, fortel Lasse Austestad, som fekk knipsa etegildet som gjekk føre seg utanfor Neset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var spekkhoggarar det her er tale om. Seks til ni stykke som dreiv på ute på fjorden og jaga opp sild. Først jaga dei mot Leiro, etter kvart trekte nokre i flokken utover mot Austestadvågen.

Spekkhoggarar er flokkdyr og er det mest utbreidde maritime pattedyret, kan me lesa på Wikipedia. Hoene kan bli opp til 90 år gamle, hannane kan bli opp mot 8 tonn. Det blir hevda at denne arten i intelligens overgår det meste i dyreverda. Dei har sitt eige «språk», kvar flokk sin eigen «dialekt». Ein særs fascinerande dyreart og særsynt turist lengst inne i ein fjordarm der turistar sjøvegen ikkje er daglegdags.

- Eg har kjøpt meg godt kamera så eg kan følgja med på kva som hender der nede på sjøen, fortel Austestad.