Trafikkontroll: Statens vegvesen kontrollerte tunge køyretøy onsdag.

Fem åtvaringar til tre sjåførar

Det var også to køyretøy som fekk bruksforbod då Statens vegvesen hadde kontroll onsdag.

I ein e-post opplyser vegvesenet om ein kontroll gjennomført på Halhjem og i Hjellemarka på dagtid onsdag.

Dei kontrollerte tunge køyretøy denne gongen. Totalt kontrollerte dei tolv køyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei delt ut to bruksforbod, eitt for underkøyringshinder.

Underkøyringshinder er ein horisontal bjelke, eller liknande, som er montert på køyretøy og som strekkjer seg over køyretøyets breidde eller delar av køyretøyets breidde. Det har til oppgåve å hindra eller redusera skader på personar og køyretøy ved påkøyring bakfrå, ifølgje Lovdata.

Det blei også delt ut eit bruksforbod for lastesikring. Lasten måtte sikrast før vidare køyring.

Ein lastebil skal ikkje ha hatt godkjent krankontroll. Vegvesenet opplyser at dei her vil senda rapport til Arbeidstilsynet om forholdet.

Til sist skriv vegvesenet at det blei teke køyre- og kviletidskontroll på tre sjåførar onsdag.

Dette resulterte i fem åtvaringar for brot på reglementet.

— Statens vegvesen har kontrollar langs vegen for å syta for betre trafikktryggleik for alle trafikantar. Alle skal koma trygt fram på norske vegar. Kontrollane skal også bidra til å sikra konkurransevilkåra i bransjen og yrkessjåføranes arbeidsvilkår.