(
( Foto: Egil Blomsø

Fem forenkla førelegg etter kontroll på Halhjemsvegen

På Søfteland fann var det ingen som køyrde for fort, men då UP flytta seg til Halhjemsvegen, tok dei fem bilistar som var for harde på gasspedalen.

Onsdag føremiddag hadde Utrykningspolitiet fartskontroll på Byvegen på Søfteland. Der var det ingen som køyrde for fort.

– Me hadde kontroll også på Halhjemsvegen i 70-sonen. Der var det fem som køyrde for fort. Høgaste fart var 87 km/t, fortel politiinspektør, Terje Oksnes.