Smitteveg: Smittevegen er kjend i i alle fall tre av fem tilfelle.

Fem nye smitta i helga

Til saman fem personar fekk påvist covid-19 fredag 3. og laurdag 4. september.

Søndag 5. september var det i fylgje kommunen ingen nye smittetilfelle.

Dei fem som fekk påvist smitte fredag og laurdag er:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ein ungdomsskuleelev. Vedkomande har ikkje vore på skulen i smitteførande tilstand. Smittevegen er kjend.

* Ein elev som går på vidaregåande skule i ein nabokommune. Her er smittevegen ukjend.

* Ein manni 20-åra. Smittevegen er kjend.

* Ein mann i 30-åra. Smittevegen er sannsynleg, men ikkje stadfesta.

* Ei kvinne i 60-åra. Smittevegen er kjend.