Utbrot: Så langt er 29 personar smitta etter utbrotet på Os ungdomsskule.

Fem nye smitta måndag

Alle heng saman med utbrotet på Os ungdomsskule.

Fem personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, måndag 10. mai.

Alle har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule. Det opplyser kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre av desse er elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Ein er føresett til ein smitta elev.

Ein er søsken til smitta elev.

29 så langt

Så langt er totalt 29 smittetilfelle knytt til det pågåande utbrotet; 23 elevar, fem husstandsmedlemer og ein lærar.

8. trinn ved Os ungdomsskule er delt i fem parallelle klassar. Alle dei smitta elevane går i to av desse klassane.