Har fått på plass reserveferje. Er i drift att

Driftsproblem måndag morgon gav stillstand.

Sambandet Halhjem-Våge har måndag morgon vore stengt grunna driftsproblem.

Kring kl 11 opplyser Fjord1 og Skyss at reserveferja MF Lifjord er på plass i sambandet med første tur frå Halhjem kl 12.15.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det pågjekk måndag morgon feilsøking på MF Kommandøren samstundes som Fjord1 jobba med å få på plass reservefartøy i sambandet.

Problemet med MF Kommandøren skapte også utfordringar for Halhjem-Sandvikvåg, då det var problem med å koma til kai for desse ferjene.