Melding om innbrot: Ein person skal ha stoppa eit innbrotsforsøk måndag. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Ferska mann som prøvde å bryta seg inn i bustad

Iført munnbind og sekk på ryggen, skal ein person ha prøvd å ta seg inn i ein bustad i Os-nord-området.

Klokka 21.02 fekk politiet melding om eit innbrotsforsøk i “Os-nord».

— Det skal ha vore ein mann som “gnikka” mot døra og lyste inn med lommelykt. Melder skal ha nærma seg og spurt kva han heldt på med. Då skal mannen, som hadde munnbind på, og sekk på ryggen, ha kasta seg på sykkelen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen skal ha stukke av på ein gul DBS-sykkel.

Ein time tidlegare blei ein elsykkel stolen frå Gudridflaten.

Denne sykkelen er svart med defekt frontlys. Sykkelen er av merket Scott.