Politiet måtte køyra fleire personar frå Halhjem til arrensten i Bergen - både fredag og laurdag.
Politiet måtte køyra fleire personar frå Halhjem til arrensten i Bergen - både fredag og laurdag.

Festivaldeltakarar på Tysnes gjorde at politiet i Os fekk litt å gjera på

Det har ei roleg helg for Os-politiet, men dei har måtte transportera mange Tysnesfest-publikummarar i arresten.

Vakthavande ved Os lensmannskontor har ikkje nøyaktig tal på kor mange festivaldeltakarar dei har køyrd i arresten, men det har vore ein del.

– Det var to natt til i dag. Det var også nokre natt til laurdag, som ikkje klarte å oppføra seg. Det har vore fint vêr og mange har nok fått litt for mykje alkohol i seg. Vi har hjelpt med transport, fortel vakthavande politibetjent.