Bluegrass: Hans Martin Austestad er blant musikarane som stiller på scena i Oseana 6. mars. Biletet er frå konserten han deltok på ved Koldalsfossen i Eikelandsosen i haust.

Festkveld for Bjørnafjorden i Oseana: – Vi skal visa kva den nye kulturkommunen har å by på

– Vi er veldig spente. Vi ser konturane av eit spenstig program med ein del overraskingar på lur, seier kultursjef i Bjørnafjorden, Erik Vangsnes.

Saman med Stine Kobbeltvedt i kultureininga i Bjørnafjorden kommune, og arrangementsjef i Oseana, Berit Steen, utgjer han komiteen som står i bresjen for det som skal bli ein festkveld for bjørnafjordingane, 6. mars.

Les også
Inviterer til samanslåingsfest i Oseana: – Saman er vi dynamitt

– Då vi starta å snikra saman programmet, starta vi med blanke ark. Vi tenkte: Kva har vi å by på i Bjørnafjorden. Det var nesten litt overveldande, seier Vangsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

For den nye kommunen har utruleg mange dyktige artistar. Både internasjonale, nasjonale, regionale og lokale. Heile spekteret er representert.

– Det vi ønskjer å gjera er å laga eit arrangement som syner noko av den breidda som finst på kulturfeltet i Bjørnafjorden. Men, vi er sjølvsagt nøydde til å gjera eit utval. Det er ikkje plass til alle kor, alle rockeband, alle musikklag og alle dyktige musikar, påpeikar kultursjefen.

Av musikarar som deltek er eit nytt, stort songtalent frå Vinnes, Victoria Bakka (sjå video nedst i saka), Hans Martin Austestad, Martia Moe Sandven og Ole Amund Gjersvik.

– Vi prøver å få til ein breidde i ulike musikktypar og sjangrar. I tillegg til musikk, vert det også teater og dans, seier Vangsnes og legg til:

– Vi jobbar med nokre spenstige overraskingar, men dei må folk koma på arrangementet for å finna ut kva er.

Samarbeid på tvers av fjorden

På programmet står også innslag frå Bjørnafjorden kulturskule. I tillegg vert det arbeidd med eit spennande innslag frå det rike kormiljøet på begge sider av fjorden.

– Eit tilsvarande samarbeid prøver vi å få til med nokre av korpsa i kommunen. Det er store miljø på begge sider, seier Vangsnes.

Ettersom komiteen kom litt seint i gang med arbeidet, vert det framleis arbeidd med nokre detaljar og avtalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt er ikkje endeleg spikra, men det skal bli eit flott og variert festprogram. Vi skal verkeleg klara å visa kva den nye kulturkommunen har å by på, seier kutursjefen og lovar at arrangementet ikkje berre vil appellera til alle generasjonar, men også til tilhøyrarar med ulike musikkpreferansar.

– Det vert noko for ein kvar smak, seier han.

Kring 500 billettar er tilgjengelege til arrangementet. Og billettane er vel det ein kan karakterisera som rimelege.

– Det har heile tida vore eit ønske frå den litt større festkomiteen at alle som ønskjer skal ha mogelegheita til å kjøpa ein billett. Dette er ikkje noko vi skal tena pengar på. Eit stort publikum er viktigare, slår kultursjefen fast.