Flere smitta: Vi er no inne i ei ny koronabølgje, ifølgje Folkehelseinstituttet.

FHI: Ny koronabølgje er i gang

Ei ny koronabølgje er i gang. Belastninga på sjukehusa kan bli stor, men truleg ikkje større enn ho var i sommar, meiner Folkehelseinstituttet.

– Smittespreiinga og talet på nye sjukehusinnleggingar på grunn av covid-19, er svakt aukande. Det var ein nedgang i talet på dødsfall i veke 45 samanlikna med den førre veka, men det har samla sett vore ein auke i talet på dødsfall dei siste par vekene, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten sin.

Helseinstitusjonane må ha beredskap for fleire innleggingar, fleire utbrot og for større sjukefråvær, understrekar FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnet elles kan halda fram med ein normal kvardag utan smitteverntiltak.

Det er også fleire tilfelle av influensa og RS-virus, og det er sannsynleg at også desse virusa vil gi utbrot i vinter, meiner FHI.

– Det er for tidleg å seia om utbrota vil koma samtidig, eller etter kvarandre, og kor store dei vil bli.

Mengde av påvisingar og innleggingar av RS-virus er svakt aukande, spesielt hos barn under 5 år. Det kan tyda på at vi er i starten av utbrotet i vinter blant barn.