(
( Foto: Illustrasjon

Fine dagar i vente, men så kjem regnet

Det er berre til å nyta dei kommande dagane, for prognosane viser regn framover.

– Det kan koma litt skyer innimellom, men det blir lange periodar med sol dei neste dagane. Slik er det stort sett i heile fylket, fortel vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Magni Svanevik.

Regnet kjem inn mot helga

Det skal også kunna bli opp mot 20 grader både måndag og tysdag.

– Onsdagen ser også bra ut, men det kan koma litt meir skyer då. Særleg tidleg på dagen. Torsdag kjem regnet ut på dagen, fortel Svanevik.

Det kan koma ein del regn i døgnet som følgjer.

– Fredagen ser grå ut. Det er ein del regn i prognosane for dagane som følgjer, og utover i neste veke. Det ser ut til å bli ustabilt vêr. Dette kan snu, då det er langt fram i tid. Vi får håpa på det, seier Svanevik.