Fine prøver. Held fast på kokevarselet
Prøveresultat syner at vatnet frå høgdebassenget på Bjørnen ikkje er forureina. Os kommune kan likevel ikkje oppheva kokevarselet.
Onsdag sendte Os kommune ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen. Årsaka var at rutinemessige vassprøver synte indikasjonar på forureining.
– Nye prøver vart tekne i går for å undersøkja om det verkeleg var snakk om forureining av vatnet. Heldigvis syner prøveresultatet at vatnet ikkje er forureina, skriv Os kommune i ei pressemdling torsdag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Beklagar ulempene
Trass fine prøver, ifølgje regelverket må kommunen ta ei ny vassprøve 24 timar etter den første for eventuelt å få stadfesta prøveresultatet.
– Først når vi får svar på denne andre vassprøva, er det aktuelt å oppheva kokevarselet, går det fram av pressemeldinga.
Os kommune påpeikar at alle som er råka av kokevarselet, vil få ny melding når det vert oppheva.
– Vi beklagar ulempene som følgjer med eit kokevarsel, men håpar samstundes på forståing for at dette er rutinar vi må følgja for å sikra reint og trygt drikkevatn i kommunen vår, skriv kommunen.
camilla.kvamme@osogfusa.no