Rekord?: Kommunen opplyser at kapasiteten ved teststasjonane i kommunen er god. Onsdag blei det testa omlag 180 personar.

Fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden - 180 personar testa seg på éin dag

Onsdag ettermiddag og torsdag morgon fekk kommunen rapportert til saman fire nye smittetilfelle.

Dei tre tilfella som vart rapportert til kommuneoverlegen onsdag ettermiddag er:

* Mann i 70-åra. Kjend smitteveg frå annan kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.

* Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.

I tillegg har kommuneoverlegen i morgontimane torsdag mottatt melding om at ytterlegare eit barn i barnehagene er smitta med SAR-COV-2, skriv kommunen på sine heimesider.

Det vert poengtert at dei nye utbrota ikkje påverkar karantenetida for nærkontaktane i barnehagen. Den gjeld framleis fram til og med 10. mars.

Les også
Stor trafikk på teststasjonen i Kolskogen - førebudde på å testa fleire om naudsynt

Kommunen opplyser samstundes at kapasiteten ved teststasjonane er god. Onsdag blei det testa omlag 180 personar.

– Om det er rekord, har eg ikkje oversikt over her og no, men det er i øvre sjiktet av kor mange vi har testa på ein dag og syner at vi har god kapasitet på teststasjonen når det trengst, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.