Nærkontaktar: To born i barnehagealder er påvist smitta. Dei to er nærkontaktar med den smitta kvinna i Flåten naturbarnehage.

Fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden - tre av dei i tilknyting til barnehage

Måndag ettermiddag vart det rapport om ytterlegare to smittetilfelle av covid-19. Tysdag kom meldinga om at to av borna i Flåten naturbarnehage også er smitta.

Dei fire smittetilfella er:

Ein mann i 30-åra. Nærkontakt med den smitta kvinna i Flåten naturbarnehage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein mann i 50-åra. Nærkontakt med ungdomsskuleelev på Nore Neset ungdomsskule.

Les også
Tilsett har fått påvist smitte - barnehage stengd
Les også
68 elevar ved Nore Neset ungdomsskule måtte i karantene

To barn i barnehagealder. Nærkontaktar med den smitta kvinna i Flåten naturbarnhage.

– Vi har no tolv personar som er bekrefta smitta og som er i isolasjon. Dei fleste knytt til smittetilfella på Nore Neset ungdomsskule og Flåten Naturbarnehage. Alle er kjente nærkontaktar. Eg meiner difor vi har ei relativt god oversikt over situasjonen, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale til kommunen sine heimesider.

Han meiner dette viser at rutinane har fungert både på Nore Neset ungdomsskule og i Flåten naturbarnehage.

– Dei har vore flinke til å følgje dei smittevernregla som gjeld. Vi har altså ikkje eit generelt smitteutbrot i Bjørnafjorden kommune, seier Dale.

Han opplyser at dei som er i karantene som følgje av smitta på Nore Neset ungdomsskule, skal testa seg på nytt onsdag morgo og kan gå ut av karantene om den testen er negativ.

Som følgje av dei nye tilfella i barnehagen er karantenetida for dei andre barna og tilsette utvida til å gjelda til og med 10. mars.