Koronavirus: Det er påvist fire nye tilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.

Fire personar har testa positivt for covid-19: Ingen av dei har noko med kvarandre å gjera

— Det er alvorleg med seks smittetilfelle i løpet av ei veke, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

— Samstundes har alle smittetilfella oppstått uavhengig av kvarandre, og er såkalla "importsmitte". Også i dei to tilfella der vi ikkje har fastslått smittevegen, mistenkjer vi at smitten kjem frå Bergen eller andre stader utanfor Bjørnafjorden. Vi har ingen haldepunkt for å mistenkje intern smitte i vår kommune, men følgjer sjølvsagt utviklinga tett, seier Nordvik Dale, i ei sak på heimesida til kommunen.

Les også
— På kva side av fjorden det er påvist koronavirus, er mindre viktig

Fire personar har testa positivt for covid-19 i Bjørnafjorden kommune i helga. Ingen av smittetilfella har noko med kvarandre å gjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Fredag 16. oktober fekk tre personar påvist smitte i Bjørnafjorden kommune:

* Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet. Har gått rett i karantene ved heimkomst, ingen nærkontaktar.

Les også
Eitt av smittetilfella stammar frå utelivet i Bergen

* Mann i 20-åra, smitta i Bergen. Alle nærkontaktar er i Bergen.

* Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden. Nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune er sett i karantene.

Laurdag 17. oktober fekk ytterlegare ein person påvist smitte:

Les også
Kommunen jobbar intenst: – Vi har stort sett vore heldige, men ikkje her

* Mann i 40-åra. Smittevegen er førebels ikkje kjend. Nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune og Bergen er sett i karantene.