Kontroll: Totalt vart åtte tunge og fem lette køyretøy kontrollerte. Foto: Arkiv/Benjamin Søgnen Olsen

Fire sjåførar fekk bruksforbod etter kontroll onsdag

Statens vegvesen hadde kontroll av tunge og lette køyretøy onsdag.

Resultatet vart fire bruksforbod; to for manglende lastsikring, eitt for manglande merking av utstikkande last og eitt for manglande lys på køyretøy.

To sjåførar fekk skriftlege åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsbestemmelsane.

Eitt køyretøy hadde lause boltar på svingkransen på tilhengaren.

Det vart også oppdaga diverse manglar på lys og refleks.

Totalt vart åtte tunge og fem lette køyretøy kontrollerte. 18 bilistar vart observerte for bilbeltebruk.