Heile bygget: Stenginga omfattar heile bygget inkludert styrkerom, klatrehall, saltimar, booka aktivitetar, idrett, hobby, klubb og all anna aktivitet. Det er berre skular og barnehager som får nytta bygget.

Fjorden Arena er stengt for all aktivitet utanom skular og barnehagar

Hallen i Eikelandsosen stengjer grunna smittefaren.

Stenginga omfattar heile bygget inkludert styrkerom, klatrehall, saltimar, booka aktivitetar, idrett, hobby, klubb og all anna aktivitet. Det er berre skular og barnehager som får nytta bygget.

– Me stengjer grunna smittefare for koronaviruset. Fjorden Arena kjem til å vera stengd til me får klarering til å opna igjen, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsfjorden IL har også avlyst all innandørstrening, både handball, turn og andre aktivitetar.

Utandørstreningar går framleis som normalt.

Men for å minimera smitterisiko, ber idrettslaget om at alle born og vaksne som ikkje føler seg i form, ikkje møter, hentar eller leverer på trening av omsyn til alle andre som er tilstades. Folk vert samstundes oppmoda om å følgja råda som kjem frå kommunen og styresmaktene til ei kvar tid.

– Vi ber alle respektera dette for å hindra at andre blir sjuke. Vi har mange rundt oss som er i risikosonane for alvorleg forløp, påpeikar idrettslaget.

Nore Neset Aktivitetshus følgjer også opp retningslinjene gitt av kommunen onsdag. På lik linje med Fjorden Arena har dei no berre ope for Nore Neset barne- og ungdomsskule sin gymnastikk.