Smaken: Johannes Lie (22) kjøper drikken på grunn av smaken, men trur ikkje det er smaken som har gjort den så populær.

Flaska kostar 190 kroner. Det stoppa ikkje Johannes, som kjøpte tre

Johannes Lie meiner at drikken er verdt den høge prisen: — Eg har betalt meir på Finn, fortel han.

Det blei spådd lang kø utanfor Malina tysdag. Det blei det ikkje, men den ettertrakta vara fekk likevel bein å gå på. Onsdag hadde butikken i Os sentrum nokre få flasker att.

— Planen var å starta salet klokka 15. Eg annonserte det på Facebook, men det er mange som er klare over at drikken er komen i butikken, fortel Steven Khalil (26).

Artikkelen held fram under annonsen.

Klump i magen på veg til jobb

Innehavaren av Malina AS fekk tysdag inn meir av den ettertrakta sportsdrikken Prime, som dei to youtuberane KSI og Logan Paul står bak. Det skal vera vanskeleg å få inn drikken. Khalil hevdar at han er den første butikkdrivaren i bergensområdet som har fått det til. Det er også ein del privatpersonar som får tak i, og som sel drikken på Finn til ein høgare pris.

Sist Khalil fekk inn Prime, var for nokre veker sidan. Då fekk han berre 30 flasker. Dei forsvann på kort tid til køen som hadde danna seg utanfor butikken. Denne gongen fekk han inn 150 flasker.

— Det var ikkje kø denne gongen, men det kan ha å gjera med at det er midt i vinterferien. Eg fekk ein klump i magen då eg kom på jobb i dag, og såg at eg hadde fått varelevering som stod på gata her. Det er store verdiar. Heldigvis hadde varene fått stå i fred, seier Khalil.

Fekk inn fleire: Sist fekk Steven Khalil inn berre 30 flasker. Denne gongen fekk han inn tre av åtte ulike variantar, og totalt 150 flasker.

Tipsa av kollegaar

Det var ein del kundar som hadde bestilt og betalt for Prime på førehand. Det var også ein del innom butikken og kjøpte før klokka 15.

Det var ein jamn straum av kundar innom på ettermiddagen for å kjøpa éin eller fleire av dei tre variantane Khalil hadde fått inn. Totalt skal det vera åtte ulike smakar å velja mellom.

Ein av dei som hadde teke turen innom, var Johannes Lie (22). Det var kollegaar i Os Taxi som hadde tipsa han.

— Dei er klare over at eg drikk ein del energidrikk, seier han og smiler.

— Kor mykje drikk du?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Med lange dagar på jobb og trening, er det godt med energidrikk. På det verste er det éin for dagen. Nei, no lyg eg. Det blir som regel ein for dagen. Nokre gonger to, seier Lie.

— Kva er det som er så spesielt med Prime?

— Hovudgreia er nok personane som står bak, dei to youtuberane. Prime er “hypa opp", og ikkje minst vanskeleg å få tak i. Det gjer at mange framleis ikkje har smakt drikken, men det har eg, seier Lie.

Fekk ikkje tak i: — Sist vi fekk inn, var eg også på jobb, men då fekk eg ikkje tak i før dei var borte. Denne gongen sikra eg meg tre, fortel tilsett ved Malina, Mohammed Baraal (20).

Blå kombinasjon denne gongen

Han har tidlegare kjøpt på ein nettbutikk, og opplyser å ha betalt 130 kroner for 500 milliliter-flaskene. Lie har også kjøpt på Finn.no, og då betalt frå 150 til 200 kroner per flaske. Khalil sel dei for 190 kroner.

— Det kostar ein del, men for meg er det verdt det. Eg kjøper fordi eg likar smaken. Det er mykje betre enn til dømes Powerade. Eg har smakt alle variantane og funne mine favorittar, seier Lie og held fram:

— I dag blei det blå kombinasjon.

Det er ikkje berre Prime som har ein stiv utsalspris. Det same gjeld ein del andre varer i butikken. Det forklarer Khalil med at konseptet er at kundane skal finna varer dei ikkje finn andre stader, og at han må importera mykje frå utlandet.

— Eg har gode kontaktar, men jobbar for å skaffa meg fleire. For nokre gonger er vara gjennom fleire ledd. Det gjer det dyrare, og så kjem toll og avgifter i tillegg, fortel Khalil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mor kjøpte til dottera — overraska over prisen

Det var ikkje alle som var innom for å handla Prime tysdag, som ønskte å snakka med avisa.

Ei mor, som ikkje ønskte å ha namn eller bilete i avisa, var innom for å kjøpa til dottera, som er ti år gamal.

— Ho spurte om ikkje eg kunne kjøpa for ho. Det har vore mykje snakk om Prime på skulen, og ho ønskte å smaka. Vi forsøkte sist han fekk inn, men då var det utselt, seier ho.

Mora var ikkje klar over prisen på vara før ho var send for å handla, og innrømmer at ho blei overraska.

— Ho skal få smaka, men det blir med den eine, som “laurdagsgodt”.

Blant kundane som skulle sikra seg Prime, fann ein også Mohammed Baraal (20). Han er tilsett på Malina.

— Dei forsvann så raskt sist, at eg ikkje fekk tid til å sikra meg. Det gjer eg denne gongen, seier han og smiler.