Melding: Seinast i dag, torsdag, fekk politiet melding frå innbyggjar om svindelen.

Fleire innbyggjarar i Bjørnafjorden har blitt svindla: - Framstår som svært truverdig

Politiet i Bjørnafjorden har motteke meldingar frå innbyggjarar som er blitt svindla ved bruk av Telenors logo.

Det opplyser innsatsleiar Christine J. Grindstein

– Denne svindel-eposten framstår som svært truverdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho forklarar at kunden vert oppfordra i svindel-epost til å trykka på ei lenke som tek vedkomande vidare til ei nettside.

– Der vert du beden om å gje frå deg betalingsinformasjon, personinformasjon eller brukarnamn og passord som svindlarane seinare kan bruka for å få tilgang til ulike nettkontoar eller pengane dine.

Grindstein har ikkje oversikt over tal meldingar i Vest politidistrikt, eller i Bjørnafjorden.

– Men eg har mottatt ei melding på tilsvarande forhold seinast i dag, torsdag, seier innsatsleiaren.

I denne artikkelen i tek.no får du råd til korleis unngå å bli svindla.