Plan: Eit fleirtal på Stortinget vil ha ein forpliktande plan for halvering av ferjeprisar på både riksveg- og fylkesvegsamband.

Fleirtal vart måndag kveld samd om forslag til lågare ferjeprisar

Ap, Frp, Sp, SV og Raudt er samde om fellesforslag til Stortinget i morgon.

I dag vart det klart at stortingsgruppene i Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt kjem til å fremja eit felles forslag om ferjeprisar i Stortinget i morgon, tysdag. Det kjem fram i ei pressemelding sendt ut måndag kveld.

Slik er forslaget: «Stortinget ber regjeringa koma tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med forslag til reduserte ferjetakstar allereie for inneverande år, og ein forpliktande plan for halvering av ferjeprisar på både riksveg- og fylkesvegsamband. Løysingar for lågare takstar for pendlarar skal prioriterast og reduksjonen skal finansierast av staten».

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget vil få fleirtal i Stortinget.

I pressemeldinga vert det opplyst at forslaget vil bli stemt over i samband med behandlinga av økonomiske tiltak i møte med pandemien, som skal opp i Stortinget i morgon, tysdag.