Bompengar: N/A

Fleirtalet i fylkesutvalet vil ikkje greia ut saka om å droppa bom på Fanafjellet og Søfteland

Fylkesutvalget i Vestland handsama fredag saka om bom på sidevegane til E39 Svegatjørn–Rådal.

Frp/H fremja følgjande fellesforslag:

«Fylkesutvalget i Vestland gjer si tilslutning til å greie ut å ikkje innføre bom på sidevegar for E39 Svegatjørn – Rådal.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget fekk 7 røyster (2FrP, 3H og 2FNB) og fall.

Dei andre partia fremja følgjande fellesforslag frå Sp, Ap, Sv, Krf, V og MDG. Dette fekk 10 røyster og vart vedtatt (2Sp, 4Ap, 1Sv, 1Krf, 1V og 1MdG);

«Vestland fylkeskommune syner til at vegsambandet og bompengeløysinga for E 39 Svegatjørn-Rådal er godkjend i Stortinget, og fylkeskommunen held seg til dette då fylket har stilt garanti for planlagd innkrevjingsbeløp. Dersom Staten svekkar finansieringsvilkåra på ein måte som gjer at fylkeskommunen sine vilkår for garanti vert endra, så vil ikkje Vestland fylkeskommune stå ved sine garantiforpliktingar utover vilkåra i St.prop for vegsambandet. Det same vil gjelda for nytt Sotrasamband.»