Singelulukke: MC-ulukka fann stad på FV48 Sævellvegen, mellom Tysse og Eikelandsosen.

Flogen til Haukeland etter MC-ulukke

Mann i 50-åra i singelulukke på FV48 Sævellvegen, mellom Tysse og Eikelandsosen.

Ulukka fann stad tysdag ettermiddag, og mannen vart flogen til Haukeland med luftambulanse.

– Det er vanskeleg å seia noko om skadegraden, men når ein vert flogen til Haukeland, tek ein høgd for at det kan vera alvorleg, opplyser politioverbetjent ved Kvam politistasjon, Jarle Myklebust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatane rykte ut til ulukkesstaden. Det var snakk om ei singelulukke.

– Det er oppretta sak, og ulukka vil bli etterforska, seier Myklebust.

I samband med ulukka, skal vedkomande som ringde AMK, ifølgje ei melding på Facebook-sida «Kvardagsprat i Fusa», ha fått bilen sin oppskrapt av ein eldre, liten, lastebil som passerte ulukkesstaden i retning Eikelandsosen.

– Bilen er truleg av merket Bedford eller liknande. Nål i høystakk sjølvsagt, men takksam for tips, går det fram av meldinga.

Myklebust opplyser at politiet i Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes ikkje er kjent med etterlysinga.