Ladevit: Desse ti punkta bør både unge og vaksne mobilbrukarar setja av tid til å tenkja over.

Fokus på ladevit: Ladar du mobilen om natta?

Under årets brannvernveke er det fokus på ladevit.

Bjørnafjorden brann og redning starta brannvernsveka måndag med å leggja ut ladevit-reglane på Facebook-sida si. Ein kjapp titt på denne gjev i alle høve underteikna noko dårleg samvit. Og eg er truleg ikkje åleine.

Punkt 1 og 2 er det nok svært lett å synda mot.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Lad i rom med røykvarslar.

2. Lad når du er vaken og til stades.

Det siste er vel det flest av oss ikkje klarar å overhalda. Me er svært avhengige av mobil og nettbrett og då er det gjerne når me søv at me tek oss tid til å lada dei opp.

Ikkje berre brannfare

Tilrådingane er klare, og det er ikkje berre grunna fare for brann. Ein bør verken lada nettbrett, mobil eller andre elektriske artiklar på soverommet om natta. Batteria kan byrja å svella. Gjer dei det, vil dei gje frå seg giftig gass. Dette er i seg sjølv svært skadeleg, men kan også føra til at ladaren tek fyr.

— Mange tenkjer nok ikkje over at mobilbatteri kan eksplodera, og at ladarar som går varme, i verste fall kan føra til brann, seier Lars Petter Johansen, brannetterforskar og elsikkerheitsingeniør i Elsikkerhet Noreg til Elsikkerhetsportalen og held fram:

— Sjølv om det ikkje skjer ofte, er det likevel ei reell moglegheit for at det kan gå varmgang i både originale og ikkje-originale mobilladarar under lading. Eller at mobilbatteriet byrjar å brenna, så her må ein vera forsiktig, seier Johansen.

Finst lite statistikk

Det finst dessverre ikkje gode statistikkar for kor ofte mobilladarar har vore årsaka til brann, men skal me tru ekspertane, skjer det oftare enn me liker å tru.

Statistikkar viser berre til brannar der brannkjelda er definert, det vil seia at det sannsynlegvis er store mørketal.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi veit uansett at det skjer hendingar knytt til lading, så me frårådar lading om natta. For dersom ein skulle vera uheldig og noko skulle skje, er sjansen for å oppdaga det naturleg nok mykje mindre, slår Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforening, fast.

Sjølv om ein ikkje ladar mobilen, er det også lurt å ta ladaren ut av kontakten.

— Ein ladar som står kopla til straum, står med straumspenning sjølv om ein ikkje ladar noko. Det betyr at svakheiter, feil eller slitasje på ladaren eller leidningar kan føra til brannar. Årsaka kan mellom anna vera overoppheiting, kortslutningar eller lysbogar mellom stikkontakt og ladar, seier branninspektør i Oslo brann og redning, Sigurd Dalen, til Elsikkerhetsportalen.