Promillekontroll: Politiet vil auka talet trafikkontrollar denne veka.

Fokus på ruskøyring: Politiet aukar talet trafikkontrollar denne veka

– Vi kjem til å vera synlege ute på vegen, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Måndag kveld i 22.30-tida, gjennomførte politiet trafikkontroll med fokus på promille og ruskøyring. Då stilte deg seg opp ved Strønevegen. Totalt blei 16 bilar kontrollerte, og politiet fann ikkje noko å reagera på.

– Denne veka er det «rusveke». Vi kjem til å ha fokus på ruskøyring, og kjem til å vera synlege ute på vegen. Vi stiller oss opp nye stader i kommunen kvar dag, fortel Birkeland.