Må køyra rundt: I kveld er to avgangar innstilte på sambandet Hatvik — Venjaneset.

“Følgjande turar er kansellerte i kveld”

Fjord1 melde tysdag kveld om innstilling av eit par turar på sambandet Hatvik — Venjaneset.

Dei som hadde planlagt å ta ferja mellom Bjørnafjorden aust og vest tysdag kveld, må gjera om på desse planane.

Klokka 18.19 tysdag melde Fjord1 at turane frå Hatvik klokka 22.30 og frå Venjaneset klokka 22.50 ikkje vil bli noko av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka er ifølgje selskapet naudsynt vedlikehald.