Glad: Ordføraren i Bjørnafjorden, Trine Lindborg, er glad for å sjå at det er tatt omsyn til born og unge i dei nye, nasjonale anbefalingane.

Følgjer dei nasjonale tilrådingane og reglane: - Glad for at det er teke omsyn til born

– Vi har heldigvis lågt smittepress i kommunen vår, men vi følgjer dei nasjonale anbefalingane og reglane frå regjeringa.

Det seier ordførar Trine Lindborg etter regjeringa måndag gjorde det klart at dei vidarefører dei fleste smitteverntiltaka som blei innført tidlegare i januar, basert på råd fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Les også
Regjeringa opnar for inntil fem gjester i heimen
Les også
Tillate med fritidsaktivitetar inne og ute for alle under 20 år

Det vert likevel gjeve lettar for born og unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har heldigvis lågt smittepress i kommunen vår, men vi følgjer dei nasjonale anbefalingane og reglane frå regjeringa. Eg er glad for å sjå at det er tatt omsyn til born og unge i dei nye nasjonale anbefalingane. Det er godt - og ikkje minst viktig - å endeleg kunna opna for normale fritidsaktivitetar for dei under 20 år igjen, seier ordførar Trine Lindborg.

Les også
Tilbake til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular
Les også
Solberg: Det nasjonale skjenkeforbodet blir vidareført – ny vurdering neste veke