Laserkontroll: Utrykkingspolitiet hadde laserkontroll ved Spar Ådnadalen tysdag. Arkivfoto.

Førarkortbeslag og bøter etter laserkontroll

Utrykkingspolitiet hadde kontroll på Ulvenvegen ved Spar tysdag formiddag.

Utrykkingspolitiet (UP) skal ha vore på staden vel ein time, frå klokka 12 tysdag formiddag.

— Dette var i 50-sona. Kontrollen resulterte i seks forenkla førelegg for fart, eit førarkortbeslag og eit forenkla førelegg for mobilbruk, opplyser lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilisten som blei fråteken førarkortet, skal ha køyrd i 83 km/t i 50-sona.

Bjørnafjorden politistasjon sin patrulje stoppa også ein i trafikken tysdag.

— Etter gjennomsnittsmåling, blei ein førar på ein lettmotorsykkel stoppa på Lepsøyvegen. Føraren var under 18 år, og blei målt til 67 km/t i 50-sona, seier Dyrdal.