Her blei tre mindreårige ferska med alkohol. Politiet kontakta foreldra.

Foreldre blei kontakta då tre mindreårige blei ferska med alkohol på busshaldeplassen

Politiet stoppa to jenter fødd i 2004 og ein gut fødd i 2003 med alkohol på busshaldeplassen i sentrum kring midnatt fredag.

Dei tre fekk ordre om å tømma ut det dei hadde. Politioverbetjent Anne Lyssand, fortel at ho nok kjem til å følgja opp saka for å førebyggja.

– Det som skjer når ein tek mindreårige med alkohol på denne måten, er at foreldra blir varsla. Det kjem fram i loggen vår, at det blei gjort også i dette tilfellet. Foreldra kjem og hentar borna sine, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tatt med narkotika

Ein ung mann blei stoppa av politiet i sentrum i helga. Han hadde mindre mengde narkotika på seg.

– Han erkjente forholdet, og fekk pålegg om å forlata sentrum til neste morgon klokka 08.

Feilparkert

På Halhjem blei det delt ut eit parkeringsgebyr laurdag klokka 15.51.

– Det var ein bil som stod feilparkert på Halhjem ferjekai. Dette er noko vi ofte får klager om. Vi køyrer innom for å sjekka når vi er ute på patrulje. Vedkomande fekk eit gebyr på 900 kroner, fortel Lyssand.