Forlaten tilhengjar i Tøsdalskrysset

Han fekk ikkje vera med vidare på ferda, den relativt store tilhengjaren som står att i Tøssdalskrysset.

Onsdag morgon står ein tilhengjar forlaten ved innkøyringa til bussterminalen i Tøsdalskrysset. Tilhengjaren ser ut til å vera kvelva over på sida.

Om tilhengjaren har fått skade etter ein samanstøyt, eller om han rett og slett er øydelagt, er uvisst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få kommentar frå politiet om saka.