Stoppa trafikk: Politiet måtte rykka ut og dirigera trafikk over Langedalen då ein bil fekk motorhavari.

Forlét bilen etter motorhavari og reiste på jobb: Politiet meiner bilførar handla i god tru

Politiet rykte ut og dirigerte trafikken medan dei venta på bilberging.

Ein bilførar på veg til jobb måndag morgon fekk problem over Langedalen.

— Vi fekk meldinga klokka ti på ni. Det stod ein bil med naudblinken på i Langedalen. Meldar hadde problem med å koma seg forbi, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet rykte ut og dirigerte trafikken medan dei venta på bilberging.

— Eigar av bilen kom seg på jobb på anna vis, og skal ha gjort eit forsøk på å få bilen godt ut av vegen. Likevel stod bilen i veg for nokon, seier Birkeland.

— Kan ein gå frå bilen på den måten om han er til hinder for trafikken?

— Nei, det er ikkje lov, men her ser vi det som sagt som at eigar har gjort eit forsøk på å få bilen ut av vegen og trudd at det gjekk fint. Bilførar handla i god tru, seier Birkeland.