Pressekonferanse: Desse møtte frå Bjørnafjorden kommune. Frå venstre - Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland, fungerande ordførar Mikal Leigland, fungerande kommuneoverlege, Bjørn Johannesen, og kommunalsjef helse og velferd, Monica Totland Melvold. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Frå pressekonferansen: Oseana blir stengd for publikum

I kveld orienterte kommuneleiinga om dei siste restriksjonane og tiltaka i samband med koronaviruset.

Her summerer opp kommunedirektør Christian Fredrik Fotland det som blei sagt under pressekonferansen i kveld.

Dei siste restriksjonane og tiltaka som er innført, gjeld fram til 1. april. Oseana blir stengd for all publikumsverksemd frå torsdag av. Restauranten vil vera open til vanleg opningstid. Alle kommunale idrettshallar, gymsalar og så vidare, blir stengde etter skuletid.

Kort tid etter at møtet var over, fekk kommuneleiinga melding om at ein bjørnafjording har testa positivt for koronaviruset.

Informasjon om kommunen sine tiltak for å førebyggja smitte:

* Oseana kunst- og kultursenter held stengt for publikumsarrangement fram til 1. april.

* Alle kommunale idrettshallar og -lokalar stenger - etter skuletid - for innandørs trening, samling, kampar, øving og andre aktivitetar fram til 1. april. Utandørsaktivitetar kan gå føre seg som normalt, men vi oppmodar til å unngå store folkesamlingar. Kommunen oppmodar private eigarar av tilsvarande bygg om å vurdera å innføra dei same restriksjonane.

* Lag og organisasjonar må vurdera om det er naudsynt å gjennomføra treningar, møte, kurs og andre samlingar i tidsrommet fram til 1. april.

* Kommunen oppmodar treningssenter, butikkar og næringslivet elles til å styrke reinhaldet og legge til rette for god smittevernhygiene.

* Politiske møte vil bli gjennomført som planlagt, men publikum må følgja møta via strøyming på bjornafjorden.kommune.no.

* Kommuneleiinga innfører restriksjonar for møte som involverer mange, og spesielt tilreisande frå andre kommunar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det blir auka bemanning på telefon til legevakt - frå klokka 12 til 20 - frå torsdag av. Telefonnummeret er 116117.