Solskinnsdag: Det er berre til å nyta torsdagen og fredagen. Det er tipset frå meteorologen. For etter det, skal vi få meir tradisjonell vestlandssommar.

Fredag kan vi få over 30 grader — men langtidsvarselet ser mindre bra ut

Det ser ut til at ein berre må nyta torsdagen og fredagen, for laurdag snur vêret.

Torsdag morgon badar Bjørnafjorden i sol. Det er lite vind. Slik skal det halda fram gjennom heile dagen. Det gode vêret held fram også fredag, men då kan det bli endå nokre grader varmare. Gradestokken kan bikka 30 grader, ifølgje vakthavande meteorolog,

— Det blir eit par heilt strålande dagar torsdag og fredag. Høge temperaturar, mykje sol og få eller ingen skyer. Det er berre til å nyta det, seier Marianne Skolem Andersen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Fredag kan det blir opp mot og rett over 30 grader fleire stader. Bjørnafjorden kommune ligg nære lysten, og dermed er det litt meir usikkert om det blir nett så varmt der. Laurdag blir også varm, men ikkje så fin. Det kjem regn på kvelden, og det blir kaldare. Søndag er vi tilbake til meir vestlandssommar igjen. Neste veke får vi lågare temperaturar og regn — så det er berre til å nyta dei neste dagane.

— Det har vore ein flott start på sommaren. Vil vi kunna få ein ny slik periode igjen snart?

— Det er ikkje godt å seia. Det ser ut som ein meir kjølig vêrtype så langt fram i tid som vi kan sjå. Men, så er det også meir usikkert jo lengre fram i tid ein kjem, seier meteorologen.

Kjøligare og meir ustabilt vêr ventar. Sjå illustrasjon under.

Etter ein lengre periode med høge temperaturar, er det naturleg vis blitt varmare i sjøen. På illustrasjonen under kan ein sjå om lag kor varmt det er i sjøen ulike stader i Noreg.