Tjuveri: To større båtmotorar skal i løpet av natta ha blitt stolne frå Os seilforening.

Frekt tjuveri frå Os seilforening

Foreininga oppmodar alle som har båtar, motorar og eigendelar i hamna om å ta ein sjekk etter at to større båtmotorar blei stolne frå foreininga natt til tysdag.

Det har vore innbrot i hamna. Låsen er kutta, to motorar er stolne. Leidningar er kutta og boltar slipt av. Alle som har båtar, motorar og eigendelar i hamna, må ta ein sjekk, skriv foreininga på Facebook-sida si.

Seglforeininga held til i Kvernevika på Strøno.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Atle Birkeland stadfestar at dei har vore på staden tysdag ettermiddag.

Les også
Motortjuveri-sesong: Snart kjem båtane på vatnet. Då kjem også tjuvane

– Vi har vore på staden og gjort åstadundersøkingar, seier Birkeland og held fram:

– Etter at det hadde vore roleg ei stund, snakka eg i media om at folk må vera på vakt og sikra eigendelane sine, etter at det hadde kome inn fleire meldingar om tjuveri av båtmotorar frå område kring Bjørnafjorden kommune. No kan det sjå ut til at dei som står bak, har kome til oss.

Les også
Mistenkjer organisert tjuveri: Båtmotor med 150 hestekrefter stolen frå Askvik

Politioverbetjenten vil, nok ein gong, be folk om å vera vakne.

– Enn så lenge er det berre dette tilfellet vi har fått melding om den siste tida, men det kan visa seg at det er fleire som har blitt utsette for dette, utan at dei er klare over det enno. Terskelen bør vera låg for å ta kontakt med politiet. Ser ein nokon som går og trakkar ein stad, og som ser mistenkjelege ut, er det betre å gje beskjed til oss om dette, enn å ikkje gjera det. Dette tjuveriet skal ha skjedd natt til tysdag, men det har også skjedd før at ting blir stolne midt på dagen. Ha auga opne, oppmodar Birkeland.