Til sjukehus: Totalt tre personar var involverte i ulukka. Dei tre vart køyrde til sjukehus etter ulukka.

Fri ferdsel att mellom Tysse og Eikelandsosen etter frontkollisjon

Det er no fri ferdsel att på Fv. 48 mellom Tysse og Eikelandsosen etter ein frontkollisjon ved Sævild i formiddag.

Totalt tre personar var involverte i ulukka. Dei tre vart køyrde til sjukehus etter ulukka. Det er meldt om store materielle skadar på bilane, og vegen var stengd i ein periode etter ulukka, og det var også manuell dirigering på staden i samband med bilberging.

– Alle skal ha kome seg ut av bilane på eiga hand, ifølgje operasjonsleiar Terje Magnussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen er no rydda etter ulukka.