Påvist smitte: Ein person har fått påvist covid-19. Denne personen tok del i ein større fest i Kuventræ-området i helga.

Fryktar større koronautbrot: Ein person med covid-19 tok del i ein stor fest i helga

Alle som tok del i festen blir bedne om å halda seg heime frå skulen i morgon og testa seg for viruset.

Det er gått ut melding til elevar på vidaregåande skular i kommunen om at elevar som tok del i ein fest i Kuventræ-området i helga, blir bedne om å gå i karantene i ti dagar. Årsaka er at ein person som var festdeltakar, har fått påvist covid-19.

— Dei skal halda seg heime frå skulen og blir oppmoda om å testa seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir jobba intenst med å finna ut kven som var til stades. Arbeidet er utfordrande.

— Eg har ein liste med 51 namn på. Dei var på festen. Denne lista er veldig ufullstendig, men eg kan ikkje seia kor mange det er snakk om.

— Kva alder er det på desse?

— Desse er ungdom frå fleire ulike vidaregåande skular. Alle skulane i vår kommune, men også nokre frå skular i Bergen, seier Melf.

– Fryktar de eit større utbrot?

– Risikoen er absolutt der. Det var så store mengde ungdom der. Det viser seg jo at ein person har vore smittsam, og det er elevar frå mange ulike stader og skuler, seier Melf.