MF Årdal: Tekniske problem er årsaka til at MF Årdal ikkje går.

Full stopp på sambandet Hatvik-Venjaneset: Teknisk problem er årsaka

Problemet skal bli løyst relativt kjapt, ifølgje Fjord1.

Oppdatert: Fjord1 opplyser at det er full drift i sambandet igjen frå 14.25-avgangen frå Hatvik.

Bjørn Grønbech Barstad i Fjord1 fortel at eit brannsløkkingsanlegg er nede. Difor går ikkje MF Årdal som planlagd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit såkalla beredskapssamband. Skulle det skje noko, så kan ferja gå med ambulanse om bord. Då er det andre reglar som gjeld, sjølvsagt.

Men all «vanleg trafikk» må venta inntil vidare.

– Reservefartøyet MF Sulafjord er på veg, men den delen som ein treng for å fiksa problemet, er også på veg. Om Årdal blir fiksa først, eller om Sulafjord tek over medan ein ventar, er eg usikker på, seier Barstad.

– Kor lang tid reknar ein med at det vil ta før ein kan frakta folk over fjorden?

– Det kjem litt an på. Men om ein til to timar vil ferja nok gå, seier Barstad.