Første til fjerde: I eit brev til Helsedirektoratet som VG har tilgang til, tilrår fylkesmann Lars Sponheim å sjå på om det er «mogleg å tilby opplæring til dei første årstrinna i skulen, til dømes første til fjerde».

Fylkesmann vil la dei yngste borna returnera til skulen

Fylkesmannen i Vestland foreslår å la dei yngste barna få gå på skulen som ei gradvis endring i vedtaket om stenging av barnehagar og skular.

I eit brev til Helsedirektoratet som VG har tilgang til, tilrår fylkesmann Lars Sponheim å sjå på om det er «mogleg å tilby opplæring til dei første årstrinna i skulen, til dømes første til fjerde».

Fylkesmannen meiner det truleg vil vera god nok plass i skulebygga til at dette kan skje utan å bryta for mykje med smittevernråda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det at born ser ut til å bli mindre sjuke av viruset, meiner vi er eit tilleggsmoment for å starta med dei første årstrinna i skulen, står det i brevet.

I første omgang vil barnehagane og skulane halda stengt til 26. mars, men regjeringa skal i dag fortelja om vidare tiltak for å avgrensa spreiing av koronasmitte. Av omsyn til borna og arbeidslivet tek fylkesmannen til orde for å gjera gradvis endringar i vedtaket.