Undersøkingar: Politiet har føretatt tekniske og taktiske undersøkingar for å finna ut kva som kan ha skjedd på staden.

Går ut med namn og årsak etter dødsfallet i Skeisstøa

Politiet har kome med oppdatering etter dødsfallet i oktober.

Politiet informerer fredag - i samråd med pårørande - at det var 38 år gamle Ørjan Haugland som vart funnen død i Skeisstøa 15. oktober.

– Han vart funnen død ved lastebilen han køyrde, og den førebelse obduksjonsrapporten viser at dødsårsaka er knusings- og klemskader, opplyser påtaleansvarleg Cathrine Schjelderup i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Mann funnen død: Krimteknikarar har arbeidd på staden i heile dag
Les også
— Naturleg at vi trekkjer oss tilbake og overlet etterforskinga til det lokale politiet

Politiet har gjort tekniske og taktiske undersøkingar for å finna ut kva som kan ha skjedd på staden.

– Endeleg obduksjonsrapport er ikkje mottatt og det er ikkje mottatt endelege rapportar på dei tekniske undersøkingane, skriv politiet i pressemeldinga.

Les også
Dødsfallet i Skeisstøa: Har oppretta undersøkingssak
Les også
– Det kan enno ta litt tid før den førebelse obduksjonsrapporten er klar