Totalt fem bilar (!) blei råka då det tok fyr i ein stor garasje i Strandvik fredag kveld.
Totalt fem bilar (!) blei råka då det tok fyr i ein stor garasje i Strandvik fredag kveld.

Garasje med fleire bilar brann ned i natt

Brannvesenet kunne ikkje redda garasjen frå flammane seint fredag kveld. Totalt fem(!) bilar blei skadd eller totalskadd som følgje av brannen.

– Vi fekk sløkt brannen til slutt. Det var mykje styr for det var mykje inne i den store garasjen, mellom anna fleire bilar, fortel Øystein Havsgård.

Brannen i garasjen i Strandvik starta fredag kveld kring halv elleve. Rundt midnatt opplyste brannvesenet på Twitter at brannen var sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi måtte ut igjen om natta då det blusa opp igjen, men det var ikkje mykje.

Vidare fortel Havsgård at det var fare for spreiing til andre bygg.

– Det var andre bygg i nærleiken. Jobben vår var å sikra at ikkje også desse brann ned, fortel Havsgård.

Brannvesenet måtte tilbake i natt då det brannen blussa opp igjen.
Brannvesenet måtte tilbake i natt då det brannen blussa opp igjen.

– Veit de noko om brannårsak?

– Nei, det må du spørja politiet om.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at brannen skal ha starta i ein bil.

– Totalt fem bilar er involverte i brannen. Anten heilt nedbrent eller skadd som følgje av brannen. Det kjem ikkje fram av loggen kor mange av dei som er totalskadd. Ingen personar var involvert.