Fleire moment spelar inn: Leiar for førebyggjande avdeling, Espen Storum, fortel at dei set frekvensen for branntilsyn ut frå ei todelt risikovurdering.

Gebyret må ein betala årleg. Tenesta kan det gå årevis mellom kvar gong ein får

Det har ikkje noko å seia om eldstaden er i bruk — gebyret er det same uansett.

Branntilsyn er ikkje det som det ein gong var. Brannførebyggjaren — tidlegare feiaren — dukkar opp med iPaden sin og går gjennom bustaden. Han kan feia, men då kjem han eller ho attende, skulle det visa seg naudsynt.

Brannvesenet jobbar etter ein risikomodell. Denne avgjer frekvensen på tilsyn. Det er ikkje så enkelt som at “Truls”, som fyrer feil og ofte, difor får tilsyn mykje oftare enn “Johanna”, som ikkje brukar eldstaden sin i det heile.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi ser på bebuarrisiko, minimumskrav til røykvarslarar, at sløkkjemiddel er ivaretekne, kva bygg og byggverk det er snakk om — ikkje berre kor mykje ein fyrer og kva ein fyrer med, seier leiar for brannførebyggjande avdeling, Espen Storum, og legg til:

— Vi har lagt ned eit stort stykke arbeid dei siste åra, for å sikra at vi fokuserer vår merksemd mot dei bustadene som har størst brannrisiko, seier Storum.

Forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg

I 2016 kom det ei ny forskrift frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) som omhandla feiing og tilsyn av fyringsanlegg i hytter og fritidsbustader.

Forskrifta har føresegner om at hytter og fritidsbustader skal vere underlagde lovpålagt feiing og tilsyn frå brannvesenet.

Forskrifta har også føresegner om at feiing og tilsyn skal vera behovsprøvd og utført etter ei risikovurdering.

I den nye forskrifta om brannførebygging er frekvenskravet for både tilsyn og feiing fjerna.

Alle betalar eit årleg gebyr

Slik det er i dag, uavhengig av kva tilsynsfrekvens bustaden har, må ein betala gebyr årleg. Det er likt for alle. Alle bustader/bygg som har eitt eller fleire fast tilknytte eldstader — uavhengig om dei er i bruk eller ikkje — må betala gebyr.

— Er dette rettferdig?

— Det er utfordrande å sikra at gebyrlegginga vert rettferdig. Vi jobbar dagleg gjennom vårt tilsynsarbeid, med å samla inn eit oppdatert datagrunnlag. Det gjer vi ved å vurdera alle bustader etter risikomodellen i vårt fagsystem, seier Storum.

Jobbar med framlegg til kommunestyret: Brannvesenet vil fremja eit forslag til kommunestyret der dei vurderer om ei differensiering av gebyret kan gjera innkrevjinga meir rettferdig. Bilete er frå eit branntilsyn tidlegare i vår. F.v. Espen Storum, Jan Olav Birkeland fagleiar seksjons for bustadbranntryggleik, og brannførebyggjar Vegard Hjelle.

Vil fremja forslag om differensiering

Når grunnlaget blir betre, vil brannvesenet fremja eit forslag til kommunestyret der dei vurderer om ei differensiering av gebyret kan gjera innkrevjinga meir rettferdig.

— Når alle bustader i kommunen er vurderte etter risikomodellen og har hatt tilsyn, kan vi revidera gebyrstrukturen og differensiera gebyret meir rettferdig ut frå frekvens, seier Storum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gebyrplikta i dag, er ikkje knytt til tidspunktet for når det enkelte tilsynet vert gjennomført, men det gjeld for heile feie-perioden — uansett kva tid i feie-perioden tenesta finn stad.

— Feie-perioden er fastsett av oss basert på ei todelt risikovurdering, og dessutan brannførebyggjande fagleg vurdering under tilsynet. Kommunen vel sjølv om ein vil ha “flat” pris eller gebyr som speglar att tenesta eigaren av fyringsanlegget har teke i mot. Samla sett må innkrevjinga av gebyr stå i forhold til utgiftene det er å gjennomføra lovpålagt tilsyn og feiing — det såkalla sjølvkostprinsippet, seier Storum.

Todelt risikovurdering

Den første vurderinga baserer seg på:

• bebuarrisiko (alder)

• type skorstein

• type eldstad

• alder på bustaden

• byggverket og bygningsmiljøet sin karakter.

Den andre vurderinga som ligg til grunn for tilsynsfrekvensen, blir henta inn under sjølve tilsynet. Då vurderer brannvesenet fyringsmønsteret til eigar og sotmengde i røykløpet.

Basert på ei samla risikovurdering av alle faktorane og brannførebyggjaren si faglege vurdering under tilsynet, får kvart objekt ein tilsynsfrekvens. Denne frekvensen kan vere 1, 3, 5 eller 8 år.

Må inn i alle bustader og fritidsbustader

Sjølvkostprinsippet vil seia at kommunen skal dekkja utgifter ein har med tenesta — og ikkje tena pengar på det. Det er kommunestyret som fastset det årlege gebyret, og gebyret blir dermed justert etter kor mykje denne tenesta kostar. Det vil ikkje vera mogleg å krevja inn feiegebyr frå eigarar som ikkje har fyringsanlegg.

Framover går det mot ei endring i praksis. Det nemnde fagsystemet er i implementeringsfasen. Systemet tillèt brannvesenet å differensiera gebyra på sikt.

— Før vi kan realisera dette, må vi vurdera branntryggleiken i form av eit tilsyn i alle bustader og fritidsbustader i det nye fagsystemet, med tilhøyrande risikofaktorar. Det er vanskeleg å anslå ei tidslinje for kva tid vi kan realisera dette, men det er avhengig av at vi får tilkomst og adgang til alle bustader og fritidsbustader i kommunen, seier Storum og legg til:

— Med dette har vi forhåpentlegvis eit godt grunnlag for å fastsetja eit meir rettferdig gebyr som står i forhold til tilsynsfrekvens for den enkelte bustad.

Samanlikning av årleg basisgebyr

I Bjørnafjorden kommune betalar ein 627 kroner per år i årleg basisgebyr.

Andre kommunar ein kan samanlikna med:

Kvam — 628 kroner

Øygarden — 800 kroner

Askøy — 439 kroner

Stord — 598 kroner

Austevoll — 670 kroner

Alver — 581 kroner

Fitjar — 620 kroner

Samnanger — 636 kroner

Gjennomsnittet av utvalet er 622,11 kroner per år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser fram til å bruka meir tid på å møta menneske

Det kan ta tid før dette arbeidet er over, og alt er kartlagt. Storum fortel at dei i tidlegare Os kommune brukte fire år på å besøka alle bustadene i kommunen — og då er ikkje fritidsbustader rekna med.

— I Bjørnafjorden kommune har vi samla sett fleire bustader, men ein større organisasjon og eit betre fagsystem som hjelper oss å jobba meir effektivt. No kan vi bruka mindre tid på administrasjon og saksgang og meir tid på det vi skal vera gode på, nemleg å møta menneske i deira eigen heim for å auka branntryggleiken — og gjera ein forskjell, seier Storum.